Avreise frå Naustdal skule tirsdag 20. september kl 17:30.
Dette er nest siste kamp for sesongen.
Siste kamp går søndag 25. september kl 14:00 på Atløy stadion.
Kjem tilbake til avreisetidspunkt etter Tempo-kampen.
Alle unnskuldningar om at det er for kort varsel før kamp er reinspikka mannskit! Alle har vore klar over terminlista sidan den kom ut i byrjinga av april i år. Det er faen steike meg på tide at mine kjære sambygdingar tek litt ansvar sjølv og for det første klarar å orientere seg om kor tid vi har kamp, når vi dei siste to åra har hatt tirsdagar som kampdag. Diverre har ikkje fotballkretsen høve for å publisere terminlista for 2012 før rundt påsketider neste år. Håpar dette vil vere tidsnok. Det er med stor frustrasjon desse orda blir skrivne. Haldningar, trivsel og kvalitet har stått i stil gjennom heile 2011. Vi er ein gjeng narsisistiske sjeler. Dette må gjerast noko med skal det vere eit snev av håp om å kunne stille lag neste år. Måtte flest mogeleg melde seg til dei to siste kampane denne veka.
La oss avslutte 2011 med litt verdighet. Forza Tambar. We can do it.
With best regards,
Espen
Tambarskjelvar IL - BALL
mandag 19. september 2011
søndag 8. mai 2011
INFO: TAMBAR - FLORØ 3
Laguttak til heimekamp 10.05.11
Oppmøte, Klubbhuset kl 18:00
1 Jacob Storevik
2 Villy André Engebø
3 Anders Aase
4 Torgrim Østgård
5 Ole Bertil Elvebakk
6 Henrik Hunders
7 Henrik Aase
8 Joar Vefring
9 Kristoffer Hammarseth
10 Anders Savland
11 Torgeir Herstad
12 Olav Hundershagen
13 Andreas Vatne
14 Tor Aasnes
15 Bjørnar Einevoll
16 Thomas Russom Ferrari
17 Andre Sølvberg
18 Steffen Grytten
Dei som ikkje er på denne lista MÅ levere drakter til meg, eller møte opp og levere på tirsdag.
Dei som er utelatt må ta seg sjølv i nakken, og jobbe hardare fram mot neste kamp.
with best regards
Joar

tirsdag 3. mai 2011
Svelgen - Tambarskjelvar 4-5
På ein deilig tirsdag ettermiddag med om lag tjue varmegrader sette vi kurs om Bremanger-hovudstaden, Svelgen, ei patriotisk lita bygd omringa av høge fjell som gjev deg dårleg mobildekning, og der alle går kring i sine grøne klubbgensarar. Fire bilar og seksten mann/gutar sendte vi av garde i retning Svelgen, som står for ein tredjedel av all silisiumproduksjon i heile verda.
Tross ein høgst ustabil sidevind opna vi kampen best og tok føringa i bygdedansen. Kampuret viser tretten minutt då Iben set ballen i mål og blir i likskap med i fjor, den første målscoraren for sesongen. Etter flott veggspel mellom Kristoffer og Joar blir Iben sendt igjennom aleine og set ballen til side for vertanes burvoktar. 0-1.
Kort tid etter blir leiinga dobla etter at ein utsøkt pasning frå Henrik Aase treff skolissene til Kristoffer som fossar ifrå påpassaren sin og bankar ballen, ikkje med kort, ikkje på avbetaling, men cash kontant i nettet. 0-2.
Det siste kvarteret visnar samarbeidet mellom midtbaneleddet og backrekka, noko som fører til at svelgarane får mykje rom, både på kant og sentralt i bana. Vi får eit klassisk drittmål imot etter mykje klabb og babb på eigen halvdel der ei lita rappbeint grøntrøye smett fint forbi alle dei gule. Jacob må berre sjå ballen finne vegen inn i nettmaskene. 1-2. I Svelgen blir det tuta for kvar scoring kreditert til heimelaget, om du har oversett overskrifta, så kan eg allereie no avsløre at det var meir fløyting i vente på Svelgen stadion denne flotte tirsdagskvelden.
I neste Svelgen-angrep får dei ein corner der den gode angriparen deiras dempbar ballen med handa før han bankar den opp i fingrane på Andreas som lite kan gjere, men det kan dommaren. Han bles med han er god for og den påfølgjande straffa blir sett i mål. 2-2.
Resultatet held seg til pause, og om optimismen ikkje akkurat glimrar, så er den heller ikkje daud. Vi er det beste laget i førsteomgang med ein usakleg skeiv motvind som øydelegg kvart einaste dødball vi blir tildelt.
Svelgen held fram i same sporet i starten av andre omgang. Ein lang pasning i vårt bakrom gjer at den lynraske vingen deiras kjem åleine med Jacob og set inn 3-2. Dei har faen meg snudd kampen!
To minuttar seinare er det reprise av 3-2-scoringa. Ball i bakrom, ingen som fell av og 4-2 er eit faktum. Life is a bitch!
Vi justerer forsvaret litt, men likevel kjem Svelgen til ein kjempesjanse då same vingen blir spela fram åleine med Jacob som reddar meisterleg. På dåverande tidspunkt tenkjer vi heller at han der avgrensa tapet, men det skal vise seg å bli ei matchvinnarredning.
Vi byrjar å utnytte bakrommet til det angrepskåte heimelaget som no trykker på for fleire mål. Dette straffar seg når høgrevingen vår heiter Kristoffer Hammarset. Han drillar rundt med både vingen og backen på si side før han avanserer i straffefeltet og blir felt av ein stor grøn mann. Staffe!
Ein til no god Henrik Aase gjer seg klar til å ta straffa. Men Svelgen-keeperen er endå klarare. Han reddar! Tutinga frå tilskodarar i bilar og jubel frå sidelinja held fram. Deretter blir det heilt stille, og det einaste som kan høyrast er eit par sukk og ein rap.
Kristoffer får atter ein gong ballen ute til høgre. Denne gangen kjem han seg til linja før han serverer Steffen på blank kasse som frå hundreogsyttifire centimeter ikkje har noko anna val enn å redusere! Me e med! 4-3.
Utlikninga ligg i lufta, og det er i lufta den skal kome. Vi får frispark ute på venstresida om lag tjuefem meter frå mål. Og medan Svelgen-spelarane er mest interessert i å krangle med dommaren prøver Henrik Aase høgrefoten på nytt. Ballen fyk som ein prosjektil over ein forbausa målvakt, we're even baby! 4-4! Gjett kven som no sånn heilt plutseleg med det same fekk trua på tre poeng!?
Og den som ventar på noko godt, har ikkje nødvendigvis gått på ein smell. Den absurde og avgjerande scoringa vår er det keeper Jacob i kompani med sin keeperkollega og den eine Svelgen-stopparen som skal ha. Midt på vår eigen banehalvdel, kanskje så mykje som femogåtti meter frå Svelgen-målet blir vi tildelt eit frispark. Joar har starta løpet, noko Jacob oppfattar og beinar ballen i retning Joar. Med påpassaren sin pustande i nakken og med tunga på slep smett Joar vekk ifrå duellen når han oppdagar at Svelgen sin sisteskanse også vil vere med på leiken. Dei brakar saman og deisar i bakken medan ballen finn vegen inn i nettmaskene. 4-5 er eit faktum!
Fleire mål blir det ikkje, og vi fekk ein fresh start på sesongen! Dette var kjekt. Line up your soliders one final time, we're gonna make a ball! Til tross for fleire brennheite situasjonar vart det gjennom to gangar førtifem minutt ikkje delt ut eit einaste kort av noko slag til nokon av laga.
Om banens beste skal kårast må det avgjerast ved stein-saks-papir-competition mellom Henrik Aase og Kristoffer. Eg legg meg ikkje borti det. Dette var ein kollektiv siger der vi kan vere godt nøgde med resultatet! Så langt har vi sanka tre poeng av tre moglege!
Neste kamp er heime mot Florø 3 tirsdag 10. mai. Kampstart er klokka 19:00.
Troppen: Jacob, Torgrim, Villy, Anders, Espen, Andreas, Henrik Hunders, Henrik Aase, Kristoffer, Joar, Iben, Tor, Bjørnar, Nicolai Sundbye, Steffen, Ole Jonny
Målscorarar:
0-1 Iben
0-2 Kristoffer
4-3 Steffen
4-4 Henrik Aase
4-5 Jacob (utropsteikn) aka "!"

søndag 1. mai 2011
INFO: FØRSTE SERIEKAMP
Tirsdag 3. mai skal vi til Svelgen for å kjempe om dei første tre poenga i årets 6. divisjon avdeling 2. I fjor returnerte vi derifrå med 2-1 og tre poeng i bagasjen. Eit liknande resultat, eller betre, hadde gitt oss ein langt betre start enn kva som var tilfellet i fjor då vi rauk på 7-1 borte mot Florø 2 som i år spelar i 5. divisjon.
Avreise frå skulen er klokka 17:00. Hadde vore fint med tilbakemelding til Espen eller Joar om du kan stille med bil. Køyregodtgjersla i år blir slik at sjåfør får 50 kroner for kvar køyretime hjå dei som sit på. I dette høvet vil det utgjere 100 kroner per passasjer, då ei reise til Svelgen tek to timar tur/retur.
Vi har teke ut ein 16-mannstropp til kampen, og tre reservar dersom nokon av dei utvalde melder avbod. Bjørnar, Tor, Jacob og Torgrim vil få sin første obligatoriske seniorkamp i gult og svart.
Troppen er som følgjer:
Jacob, Henrik Hunders, Anders Aase, Henrik Aase, Iben, Kristoffer, Joar, Espen, Andreas, André, Villy, Tor, Torgrim, Bjørnar, Nicolai Sundbye, Steffen
Reservar:
Thomas, Jonas, Rune Martin

mandag 25. april 2011
EI VEKE TIL SESONGSTART
Påska er over, og nærmar seg sesongstart. 3. mai ventar Svelgen besøk av oss gule og svarte. Forhåpentlegvis er våren no komen for å bli. Spelarforsikring og treningslisens vert levert ut på trening denne veka. Betalingsfrist er sett til 15. mai, men vi ser helst at de betalar inn snarast mogeleg slik at vi fortløpande kan tilbakebetale sjåførar og med god margin har råd til å betale pipeblåsarane som skal innraportere kampresultata når vi får besøk heime i Naustdal.
Treningskampane i vinter har gitt følgjande resultat:
Tambarskjelvar - Førde 3 8-2
Tambarskjelvar - Sunnfjord Folkehøgskule 1-2
Tambarskjelvar - Hyen 5-2
Om ein legg godviljen til har vi om lag tretti spelarar som er aktuelle for seniorspel i år. Dette er eit uvant fenomen sett med tambar-auger. Vi vel å kalle det eit luksusproblem. Spekteret går ifrå konfirmanten Jacob (14) i mål til den evigunge panzer-Torgeir (40). Med så mange namn på blokka seier det seg sjølv at ikkje alle kan forvente å spele kvar einaste kamp. Ambisjonane i år er å kvar gang gå sigrande ut av neste kamp. I dette tilfellet er det Svelgen om åtte dagar.
Troppen til Svelgen-kampen blir teken ut i løpet av torsdag, og vert publisert på slutten av torsdagstreninga. Den vil også leggjast ut her og på facebook-sida.
Hugs trening tirsdag 26. april klokka 19:00 - 20:30.

Abonner på:
Innlegg (Atom)